top of page

Ingrids positive vannfødsel: - Eg var heilt til stades heile vegen og det var det eg drøymde om

Andregangsfødende Ingrid var i utgangspunktet i tvil om et fødselsforberedende kurs var nødvendig. Hun følte første fødsel hadde gått greit og var klar for å føde på ABC-klinikken. Men da hun fikk vite at den skulle være sommerstengt kom det tilbake ubehagelige minner fra første fødsel. Hun valgt å ta kontroll og forbedrede seg i håpet om en bedre fødsel.

Ingrids positive vannfødsel

Dette er hennes positive fødselshistorie:


"Eg vurderte eigentleg ikkje kurset ditt, sjølv om eg følgde kontoen. Eg trudde eg hadde «tålt» 1. fødsel fint og då eg vart gravid igjen var eg heilt klar for neste.


Til det kom fram at ABC (som eg valde denne gongen) skulle vera sumarstengt på termin. Eg fekk panikk.


Kroppen hugsa at eg hadde vert utrygg på «vanleg» avdeling og ikkje følt meg høyrt.


Ein styrtfødsel som kjendes ute av kontroll og enda med riftsoperasjon. Eg var så full av adrenalin den gongen, at eg skalv i mange timar etter babyen var ute.


Eg grua meg plutseleg. Var redd for at eg ikkje skulle bli høyrt no heller, og ende med å føde på eit kvarter aleine på badegolvet. Så eg kjøpte kurset og jobba målretta gjennom sumaren.


«Eg gleder meg til fødsel» vart mitt mantra. Sjølv om det var vanskeleg å tru på i starten, vart det meir og meir sant.


Og eg forsona meg med at fødsel utan ABC også kunne bli bra. Men termindagen kom og gjekk igjen. Og ABC opna att! Men babyen hadde det for bra, så på dag 10 måtte eg på overtidskontroll. Alt var topp både med meg og babyen, men etter ultralyden konkluderte legen likevel med at ho ville sette meg i gang same dag.

Håpet om ABC brast igjen. Men denne gongen pusta eg roleg og minna meg sjølv på at eg kunne stille spørsmål og at «det er min kropp, og min fødsel».



Eg sa at eg ville vente så lenge som mogeleg og spurte om fordelar/ulemper. Legen tok imot spørsmåla utan konflikt (som eg var redd for) og enda med å bestille igangsetting først to dagar seinare. Eg var fornøgd og fekk nytt håp. Men ingenting skjedde den dagen og heller ikkje neste.


Eg melda nokre vener og bad dei fortelje meg gode ting med igangsetting. Før hadde eg bedt om å få veta det mest skremmande, for å stålsette meg. Men no har eg lært at positiv vinkling funkar betre. Hehe.


Kvelden før me skulle inn, gråt eg litt til partneren min for at det ikkje skulle bli ABC-fødsel, men følte meg også klar for igangsetting. Då gjekk vatnet! Eg byrja umiddelbart med pusteøvingane då riene kom med ei gong, så det var berre å kontakte barnevakt og taxi. Eg var roleg og gleda meg. Spesielt sidan eg no kunne komma til ABC!


Eg kom inn med 5cm og var sjeleglad for at det ikkje var meir.


Då hadde eg tid til å jobbe med alt eg hadde øvd på. Men det vart ikkje så harmonisk som eg hadde sett for meg. Nr. 1 - Eg fekk bruke badekar, men eg fløyt ikkje enkelt og grasiøst frå stillings til stilling. Eg låg der som ein dau fisk. Likevel var det nyttig.


Riene kom med få sekund mellomrom, men i motsetning til førre gong, då eg ikkje klarte å hente meg inn, brukte eg dei få sekunda for alt det var verdt.


Med fullt fokus på visualisering og pust, kjendes det som pauser sjølv om det var kort. Nr. 2 - Eg elska avspenningane i svangerskapet. Elska! Så eg trudde det skulle hjelpe meg mest.


Men under fødselen klarte eg ikkje komma inn i det og måtte skru dei av.


Partneren fann heller fram affirmations-lappane eg hadde vald meg. Dei fleste handla om positivitet og styrke, for eg var redd for å bli redd og spenne meg. Men eg klarte ikkje å ta inn dei heller.


Den einaste som funka var «Eg samarbeider med barnet mitt.» Det var berre flaks at den var i bunken. Partneren min las den igjen og igjen, og eg klarte å roe meg og fokusere. (Han las også «Jag kan føda. Jag är inte redd.» basert på replikk frå 80-talskomedien «Sälllskapsresan». Litt internhumorbasert oksytocinproduksjon der altså.)


Eg håpar det ikkje ser ut som eg dissar kurset. Poenget er at når ein har øvd, er det nok av verktøy å ta av! Så det gjorde ingenting om «planen» min faila. Nr. 3 - Under førre fødsel var pressriene ei letting, men denne gongen var det fryktelig.


Eg spente meg og kjente adrenalinet med ei gong. Så eg måtte verkeleg tvinge tankane til visualisering og nedoverpust.


Det var hardt arbeid. Eg blåste ut som ein stressa kval. Men eg pusta i det minste og eg held fokus på å «lirke» han ut. Etter ti minutt fekk eg løfte guten opp med mine eigne hender. Vilt!


Det vart ingen stor rift, og denne gongen fekk eg den magiske fyrste timen med babyen min.


Det tok ein time frå vatnet gjekk til han var her. Halvparten av tida frå 1. fødsel, men likevel kjendes det som all tida eg trengte. Det var kanskje ikkje ein draumefødsel slik mange av dine kursdeltakarar beskriv det. Eg var ikkje så zen og det var ikkje så smertefritt som eg hadde tenkt. Det var meir krevande. Men eg hadde kontroll! Eg fekk ein trygg andregangsfødsel der eg var heilt til stades heile vegen og det var det eg drøymde om. Tusen takk!


PS. Eg kunne også skrytt av kor mykje eg brukar metodane i livet elles også. Og kor viktig timane med jordmor Cathrine vart for meg, då eg hadde fire forskjellige jordmødre gjennom svangerskapet.


Og at barsel var veldig vanskeleg for meg sist, men denne gongen brukar eg affirmations og pust og har så stor nytte av det.


Eg kosar meg verkeleg og står i dei vanskelege stundene med både eldste og yngstemann på ein heilt anna måte. Så takk for det også."


Har du også lyst til å forderede deg til fødsel sånn som Ingrid? Da bør du sjekke ut det nettbaserte fødselsforberedende kurset!

Comments


Hvordan kan jeg hjelpe deg med din fødselsforberedelse? Send meg en melding her!

Takk!

  • TikTok
  • Instagram
  • Facebook
  • Twitter
  • Pinterest Social Icon

© 2020 Positiv Fødsel

bottom of page